Introduksjon
I fire veker har me jobba med emnet «social responsive design» og tok for oss forbetring av omdømmet til Romsås. Grorud kommune inviterte oss 14 studentane på første året master på Kunsthøgskulen til å sjå kva me med våre designprosessar kunne gjere for å hjelpe Romsås til å bli ein betre plass å bu og leve.
Først hadde me ei introduksjonsveke der me vart introdusert om emner som metadesign, «social responsive design», «etichs» osv. Me vart og introdusert om ulike teknikkar me kunne bruke i designprosessen. Til å veilede oss gjennom denne første veka hadde me besøk av to gjesteforelesarar frå Goldsmith. Tanken var at dei skulle gi oss nok bagasje til at me klart resten av reisa på eigen hand.
Konseptet vårt
Vidare vart me delt inn i tre grupper. Kvar gruppe stod fri til å gjere kva ein ville. Briefen var meir eller mindre klar. Men arbeidsprosess og løysing var heilt opp til oss sjølv. Mi gruppe, beståande av Anders Askheim, Ida Ekroll, Camilla Halvorsen, Mats Omland og meg sjølv besteme oss for å jobbe etter prinsippet «learning by doing», læring ved å utføre, og at me ville ta for oss problemområdet «omdømme». Konseptet vårt vart definert som: Me ynskjer å forandre omdømmet til Romsås ved å skape positive opplevelser. Me ville fokusere på det positive, og få fram det, i staden for å finne feil og løyse dei.
Kaffetaffel
Første stunt var å komme i snakk med Romsåsfolket. Me trilla ut eit flygel på senteret på Romsås og spelte lun taffelmusikk, kokte kaffi og delte ut twist. På den måten kom me i dialog med folket. Me spurte kva dei synest var positivt med plassen, og dei svara kva dei synest var negativt. Lettare å klage enn å rose.
Rammeverket
Andre prosjekt skapte rammeverket for prosjektet vårt. Me gjekk rundt med ei doramme og ei forgylt gullramme og foreviga det me synest var positivt i den forgylte gullramma og det negative i doramma. Ein utprega visuell og praktisk research.
Ballongstunt
Tredje stunt kalte me for ein fargerik forstyrring. Me fylte ein heis med 300 ballongar – til barna si store glede. Dei kuppa eigentleg heile opplegget..
Vi heiser Romsås til topps
Plutseleg var tre veker gått, utan at me hadde kome noko særleg nærmare eit «synleg resultat» som var ønsket for kommune. Me hadde ei veke igjen på oss til å lage vårt final stunt, som skulle «toppa heile driten». Me bestemte oss for å ta for oss heisane. Det gav oss eit avgrensa område å jobbe med. Det er tre heiser på Romsås Senter. Dei står ganske sentralt i Romsås folket sin kvardag då dei er bindeleddet mellom undergrunnen og Romsås. Me idemyldra fram eit konsept for kvar av heisane. Den første heisen vart fylt med skoglydar. Me ville bringe det prositive på Romsås, nemleg skogen og marka ned i heisen. Den andre heisen vart pryda med rammer som vart fylt med innhald frå oppslagstavla. Den opprinnelege oppslagstavla vart ignorert av Romsåsfolket. Ved å henge det i rammer inni i heisen, vart det som skjedde på Romsås verkeleg lagt merke til. I den tredje og siste heisen plasserte me eit miniatyrdrivhus med friske og grønne plantar. Dette av to grunnar: fokuset på den grønne framtida, og som ein plakat på Simen Aarseth sitt pågåande parallelle masterprosjekt «Mikrogartneri».
Film av heisen som var fylt med skogslyder:
4 veker og 4 erfaringar
1. Design er meir enn fine fargar og fine bokstavar. Me kan bruke vår designprosess til å gå laus på større problemområder, utanfor vårt fagfelt.
2. Learning by doing. Eg synest det er skummelt å handle utan ein plan, og å la planen kome etter kvart. Men på den måten er ein meir åpen undervegs fram mot eit mål. Ein kan jobbe seg mot kjernen, i staden for å sette seg ned å tenke kva kjernen er. (Trur kanskje eg foretrekker det siste).
3. Deltaking frå brukeren frå start til slutt. Når ein skal hjelpe Romsåsfolket med eit problem er det viktig å inkludere dei. Dette av to grunner: å få kjennskap til problema og la dei få eigerskap nok til at prosjektet kan leve på eigne bein etter at me har dratt vår veg.
4. Gruppeprosjekt. Det er krevjande å få fem hovuder til å brenne for samme sak på samme tidspunkt. Det krever kommunikasjon av høg klasse.